Mari Hesjedal

(f. 1980)

Mari frå Voss er dramatikar, scenograf og kostymedesignar. Ho har ein MA i scenografi frå Central Saint Martins College of Art and Design i London, filmutdanning frå International Film School of Wales, og i 2013-14 gjekk ho Forfattarstudiet i Bø. Ho har deltatt på Norsk Dramatikkfestival med tekstane Culparegelen og Bilde av frukt som rotnar, og blei i 2015 tildelt arbeidsstipend frå Statens Kunstnerstipend. Mari Hesjedal vil i 2018-2019 vere husdramatikar ved Dramatikkens Hus.