Hanne Hagerup

(f. 1984)

Hanne er dramatikar og tekstforfattar frå Fredrikstad. Ho har skrive familiemusikalane Den Hvite Dame for Fredriksten Festning i Halden og Arnardo før Arnardo saman med Klaus Hagerup. Ho har og skrive tekstar for Oslo Fagottkor og for MAC theatre i Belfast. Saman med søstera Hilde og faren Klaus skreiv ho manus til NRKs julekalender Snøfall som vart vist jula 2016 og som vann Gullruten for beste barne- og ungdomsprogram. Ho har og skrive manus til sceneversjonen av Snøfall saman med Hilde for Oslo Nye Teater. Ho er for tida i ferd med å utvikle eit tv-serie-manus gjennom Norsk Filminstitutts barnefilmsatsning NFI:LAB Junior, og ho er ein del av barnedramatikksatsninga til Dramatikkens Hus.

 

om JEGERTIMEN

Det aller beste og det aller verste som kan skje med Lukas skjer på Halloweenfesten til Lena. Lukas husker ingenting, men det forandrar seg når etterforsker Charity Case tar han med ut av Limbo og tilbake til festen for å løyse ein mord-sak. Jegertimen er eit surrealistisk og humoristisk teaterstykke om identitet, seksualitet og sjølvmord.